Den kriminelle kriminallitteraturen – igjen!

Bloggaren er slett ingen systematisk krimlesar på leit etter brot på den bibliotekariale teieplikta, men med ujamne mellomrom berre spring det ein i augo meir eller mindre alvorlege overtramp. For eit år sidan måtte vi ta fatt Hans Olav Lahlum for politietterforskar-snoking i lånarregister på Deichman i «Sporvekslingsmordet». Men noko han ringde oss og svarte godt på, men med urovekkjande referanse til non-fiktive bibliotekarar ved same institusjon. Men tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med liknande «løysingar» på krimgåtene sine. Vi ventar framleis på telefoniske forklaringar frå dei.

Og i førre veke kom vi til å lese band 2, Drømmeløs (2012), i Jørgen Brekke sin serie om den trondhjemske politietterforskaren Odd Singsaker. Bok nummer 1, Nådens omkrets (2011) las vi sjølvsagt straks ho kom, ho var jo lansert som eit mordet-i-biblioteket-mysterium, og ikkje i kva som helst bibliotek, men sjølvaste Gunneriusbiblioteket, landets første offentlege bibliotek. Mordofferet var ein bibliotekar, men ein annan bibliotekar, Siri Holm, har ei meir varig rolle. Ho framtrer som det diametrale motstykket til Dag Solstads velkjende bibliotekar, T. Singer! Siri Holm er nemleg …

… omgjengeleg, frimodig og seksuelt bortimot hyperaktiv. Ho er taekwondoutøvar med svart belte, trompetspelar og kriminallitteraturentusiast.

Men så i band 2 presterer denne nye favorittkollegaen vår å bryte teieplikta på følgjande openhjarta vis (ho er her i edru samtale med supersnuten Singsaker, som ho elles forførte i band 1):

«Det jeg sier til deg nå, har jeg strengt tatt ikke lov til å si, du vet taushetsplikten og det der.»

«Ikke si at dere bibliotekarer også har den?» sa han spøkefullt og håpet virkelig at det ikke låt som om han flørtet.

«Jeg har gått gjennom utlånsstatistikken. Sett på ureturnerte bøker og filtrert på ulike emneord som 1700-tallet, skillingsviser, Bellman, Jon Blund og spilledåser. Bare en person sitter igjen med purringer og erstatningskrav på bøker innenfor flere av disse emneområdene.»

«Og det er?»
«Han heter Jonas Røed».

Okei, Jørgen Brekke, du skal ha at du både kjenner til og framhevar teieplikta og kva som er det bibliotekar-etisk rette å gjere. Dét er meir enn dei ovanfor nemnde forfattarene. Men underteikna blir no nøydd til å leggje anna viktig lesestoff til sides og lese heile serien på rappen. Ein veit jo aldri kva Siri Holm kan finne på.

Dei p.t. 1018 følgjarane på denne bloggen, dei fleste bibliotekarar, vil sjølvsagt nytte dette høvet til å spreie den etisk rette bodskapen til krimlesarar i aust og vest.

4 kommentarer om “Den kriminelle kriminallitteraturen – igjen!

  1. Korleis er biblioteksystema no for tida. Er det mogleg å gjera eit emnesøk, filtrera ut dokument som er blitt purra, og så enda med eit namn på ein lånar? Eller forutset dette at bibliotekaren har gjort ein større manuell jobb for at bibliotekaren skulle koma fram til dette eine namnet?

Leave a Reply