Nok gladnytt

Skjermbilde 2020-04-16 05.52.31Lokalavisene er for tida fulle av oppslag om verksemder, foreiningar og lag med behov for økonomisk kompensasjon, eller i alle fall sympati. Og det er klart; dei har det tøft.

Men til samanlikning blir oppslaga om biblioteka gladnytt. Vi får lese om kreative bibliotekarar og smilande mottakarar av bokposar og om firedobling av e-utlånet.

Det er hyggjeleg, men ikkje på sikt. Den europeiske bibliotekorganisasjonen EBLIDA har gått ut med ei sjekkliste til medlemmane, der dei blant anna spør om dei har innhenta informasjon om korleis koronakrisa påverkar økonomien i biblioteka?

Nokre har alt svart, og bibliotekforeninga i Estland fortel … … at dei har skrive til kommunane og «minna dei om at det er dei som er «eigarar» av biblioteka … Vi ba dei halde oppe det same finansieringsnivået for bibliotek som før krisa. Lærdomen frå fortida er at bibliotek alltid har vore viktige offentlege tenester etter økonomiske samanbrot».

Det blir ikkje berre snakk om å skru av og så på igjen, som etter ein god sommarferie. Vi siterte her om dagen Sari Feldman, tidlegare president for American Library Association. Ho var klar på at biblioteka ikkje må sjå på dette som ein pause, men ei tid biblioteka må bruke til å planleggje for ei framtid med store endringar og utfordringar.

Også dette er noko ein må få lokalavisene interesserte i.

En kommentar om “Nok gladnytt

Leave a Reply