Makta over fakta

cathrine strømI Dag og Tid denne uka skreiv Cathrine Strøm under denne overskrifta. Hun viser her til finske Mikael Böök sine ideer om biblioteket som den fjerde statsmakt, gjengitt blant annet i den nye boka Biblioteksaktivisten (gratis som e-bok, se lenke nedenfor). Hun refererer også til redaktøren av herværende blogg.

Hun konkluderer: «Kan biblioteka vere ei slags lærd, informasjonskompetent vaktbikkje for dei andre maktinstansene? I så fall trengs ein oppgradering, ikkje berre av biblioteka, men også av kva plass dei skal ha i kulturen vår. Det er ikkje berre å ta vare på vår felles hugs og litteraturhistorie – eller vere eit lager for papirbøker (som nokre ville ha sagt det) –, men noko mykje viktigare».

Med forfatterens og Dag og Tids tillatelse gjengir vi her denne teksten:

Makta over fakta

Av Cathrine Strøm i spalta «Ut frå litteraturen» i Dag og Tid 22. februar 2013.

Finnane får det til, også når det gjeld bibliotek. Bør biblioteka ta over som den fjerde statsmakta?

Kva er skilnadene på folkebiblioteka i Finland og Noreg? Forskarar ved Høgskulen i Oslo og Akershus har nyleg gjort interessante, om enn ikkje overraskande, funn. Trass i at finnane har mindre å rutte med enn vi har, bruker dei mykje meir pengar på bibliotek per innbyggjar. Deira bibliotek har langt fleire tilsette, betre opningstider, fleire og meir nøgde brukarar i alle aldrar. Finland scorar som kjent også høgt på utdanning, forsking og innovasjon. Kan det vere ein samanheng mellom dette og det gode bibliotektilbodet? Eg tullar. Korleis kan det ikkje vere det?

Fjerde statsmakt

Derfor har Finland også fostra aktive og sjølvsikre talsmenn og -kvinner for bibliotek. Ein av desse heiter Mikael Böök. Han gav i fjor haust ut boka Biblioteksaktivisten – Essäer om makt och bibliotek i informationssamhället, som finst til gratis nedlasting på nettet.

Eit av hovudpoenga til Böök er at biblioteket burde ta plassen som den fjerde statsmakta, ved sida av dei andre i Montesquieus treeining av utøvande, dømmande og konstituerande maktinstansar. I eit informasjonssamfunn som vårt trengs endå ei: informasjonsmakta.

Profittpresse

Biblioteket som den fjerde statsmakta? Er ikkje det rolla til media, eller pressa? Nei, meiner Böök. Det opphavlege politiske oppdraget til pressa har meir og meir blitt underordna mediehusa si jakt på profitt. Samstundes nyttar dei politiske partia seg i større grad av marknadskonsulentar og reklamebyrå når dei vil nå ut med standpunkta sine, skriv han. Det same gjer marknaden, både overfor pressa og politikarane, som ofte slukar «informasjonen» rått. Lobbyistane gnir seg i henda.

Dei moderne folkebiblioteka er derimot ikkje bundne av nokon regjering, politisk parti, samfunnsklasse eller kapitalmakt. Biblioteka organiserer og formidlar informasjon på tvers av offentlege og private skiljeliner, og det er gratis. At denne funksjonen skulle ha blitt uviktig i dag, slik at biblioteka like gjerne kan leggjast ned, må ein ha blå dress, endå blåare auge – og hovudform som ein bankboks for å tru på.

Bibliotek i debatten

Böök har ved fleire høve samarbeidd med biblioteksjournalisten Anders Ericson her i Noreg. Han ivrar for at biblioteka skal bruke den redaksjonelle fridomen sin meir aktivt i samfunnsdebatten. Det største trugsmålet mot ytringsfridomen i vår del av verda, meiner Ericson, er ein konsensusprega offentlegheit som er sårbar for manipulasjon og nesten umogleg å navigere i for vanlege folk. I ein slik situasjon kan ei ikkje-kommersiell og partipolitisk uavhengig institusjon som biblioteket spele ei større rolle. Men det set krav til alle oss som arbeider på bibliotek, om å vilje ta makt og greie å forvalte han.

Kan biblioteka løfte fram saker som ikkje får plass i media, som ikkje nødvendigvis er klikk-venlege, men som likevel har innverknad på liva våre? Kan biblioteka vere ei slags lærd, informasjonskompetent vaktbikkje for dei andre maktinstansene?

I så fall trengs ein oppgradering, ikkje berre av biblioteka, men også av kva plass dei skal ha i kulturen vår. Det er ikkje berre å ta vare på vår felles hugs og litteraturhistorie – eller vere eit lager for papirbøker (som nokre ville ha sagt det) –, men noko mykje viktigare.

Finnane har bestemt seg for framleis å satse tungt på biblioteka. Dei har mindre pengar, men synast ikkje dei har råd til å la vere. Investeringa har gjort dei best i verda på utdanning, forsking og innovasjon.

Cathrine Strøm

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: